artikler
Vårmøte 19.april 2023
Rådgjevar i Redningsselskapet (NSSR), Tarjei Låstad Sandnes, fortalte oss historia til Redningsselskapet, som starta i 1891. Han presenterte alle båtane dei har langs kysten, og berømma og den store frivillige innsatsen som blir utført rundt om i bygd og by.
Tove Svela Madland fortalte om livredning, historisk og fram til slik det er i dag, med både teori og litt praksis.
Tove demonstrera bruken av hjertestartar, slik at me kan vera til hjelp om me vil havna i ein situasjon der dette “verktøyet” er installert. Eit tankevekkande innlegg, der me fekk informasjon om kva me kan gjera i akutte situasjonar.
Som på alle møter: Kaffi, kringla, drøs og utlodning.