Julamøte i 23
Med Julekveldsvisa av Alf Prøysen som åpning, blei julamøtet gjennomført den 13.12., på Lucia-dagen. Eit halvt hundre medlemmer var med denne flotte vinterkvelden, og Shantykoret underholdt med både shanties før maten, og meir tradisjonelle sjømannssongar, til minne om “Vi går ombord” og Erik Bye, etter maten.
Pensjonert institusjonsprest ved Rogaland A-senter ,(KK-heimen), Arild Vøllestad, ga oss eit tankevekkande og perspektivrikt foredrag der tema var tyskerborna som kom hit i perioden 48-53, då heimlandet deira låg i ruiner og dei mangla alt. Han nemnde spesielt to jenter frå Lubeck-distriktet som kom til Gyland og Sør-Audnedal, og som fekk varige vennskap med vertsfamiliane. Hjelpa den gong var ikkje sjølsagt, vegen frå hat til forsoning kan vera lang. Nå gjekk det vel den gong betre og raskare enn kva ein såg for seg. Dette tema, (og kanskje hjelp til dagens born som er havna i krig), som kontekst til dagens krigar i mellom anna Ukraina og Palestina, der hatet mot fienden kan synas uforsonleg.
Med “Det lyser i stille grender” som bordvers blei det graut og saft, kaffi og julabrød, og drøset gjekk. Loddsalg og utlodning høyrer med, og til av slutning “Deilig er jorden”, og ønskje om ei fredeleg julahelg.
Flere artikler fra samme kategori: artivitet
-
Vandring på Arkeologisk Museum
Tirsdag 5. september, 2023, hadde me omvisning på Arkeologisk Museum med ein formidlar som fortalte om funn i distriktet, med spesielt blikk på det dei har funne på Tasta. Dette er dokumentasjon på at det har budt folk her i åravis. Hu kunne ikkje akkurat sei på kvifor ei... -
Sommartur til Sauda
Lørdag 17. juni 2023 hadde laget sin tradisjonelle midtsommarstur, dette året til Sauda. Me reiste inn via Ryfylkevegen, i det flottaste sommarvær, og kom til Folkets Hus midt på dagen, der Sauda sogelag tok imot oss og... -
Vårmøte 19.april 2023
Tradisjon på vårmøtene: Alle syng "No livnar det i lundar", slik også i år. Rådgjevar i Redningsselskapet (NSSR), Tarjei Låstad Sandnes, fortalte oss historia til Redningsselskapet, som blei starta i 1891. Han presenter... -
Vårvandring til Byhaugen
Den 10. mai 2023 hadde med vandring til det som var eit utsiktspunkt i byen. Geir Magne Sande fortalte om "Dåsa-John og familien på Byhaugens topp", som var ei interessant historie. han ba og om å få sei litt om skuta "Seladon" og forliset i Stillehavet,