Sverre Andersen.


 

Sverre Andersen (1936- 2016)

                         Klikk på bildene!                   

Han blei født i Haugesund den 9. oktober 1936, og død 1. november 2016 på Tasta Sjukeheim. Han var nummer to av fira sysken, etter Arne Andersen (1910-2005) og Signe Aartun (1911-1997), begge fra Tasta.

Faren var i vegvesenet, og var i fleire år stasjonert i Haugesund og Ryfylke fram til midten på 40-talet, og Sverre fekk skulestarten i Skipavåg, fortsatte på Tasta, tok realskulen på Kongsgård, og gjekk så på Stavanger Elementærtekniske skule, som var der Bergeland Videregåande skule er i dag.

Sverre er vel den fra Tasta som er mest kjent utfor bygdå, uten at han gjorde nummer av det. Hans veremåte var framifrå. Han melde seg inn i Viking i 1948, debuterte i 1952, som 16-åring, og stod som målmann i 20 sesongar, fram til og med 1971, med i alt 482 A-kampar for klubben. I tillegg til å vera aktive spelar, var han og trenar for A-laget i fleire år då, og seinare, både på 70 og 80 talet. Om ikkje dette var nok, så har han trent aldersbestemte lag i klubben i mange år, trent målmennene i Viking, i tillegg til å trena Sola sitt A-lag i fleire sesongar.

Han fekk 41 A-landskampar, sikkert lika mange som reserve, og han stod i mål på Nordens lag mot resten av Europa, då det var stor kamp i Idrætsparken i København i anledning Dansk Boldspil Unions 75 års jubileum i 1964.

Sverre var ein av de beste målmennene me har hatt både i Viking og på landslaget. Ikkje spesielt høge, men reaksjonssterke, faste i klypene, og god i feltet. Når innsatsen skal vurderas, så må me huska på at spelesystemene i fotball var heilt annerledes enn i dag, den gang var det 2-3-5 system, så blei det 4-2-4 midt på 60 talet, og nå 4-4-2 eller 4-5-1. Det betyr at nå er det mange fleir spelerar i forsvar, enn før, og av det at Sverre ofte måtte ut i straffefeltet for å avverga farlige situasjonar, omtrent som ein ekstra senterhalf.

Han var og ein hardhaus i den betydning at han tålte mye smerte. I ein i kamp i Oslo fekk han den eina akslå ut av ledd, men etter at den var lirka på plass igjen, fortsatte han kampen, og i ein seriekamp mot SIF på stadion i 1961, brakk han foten i ein duell med Øivind Helgesen, men låg på sidelinjå og såg kampen ferdige før han reiste på sjukehuset for gipsing.

Antalet kampar som blei spelt per sesong, både på klubblag og landslag, var og langt ferre før enn nå. Hovedserien (eliteserien i dag) hadde den gong 2 puljer med åtta lag, før det blei 10-klubbsserie i 1964, og antalet landskampar per sesong var i 4-5. Med dagens seriesystem og landskampoppsett, ville fotballkarrieren hatt omtrent det dobla antal kampar. Han blei æresmedlem i Viking i 1979.

Som det multitalentet han var, likte han godt å trena, og han var og ein god handball- og bordtennis-spelar, og om det ikkje var nok, også kretsmeister på skeiser.

Sverre levde for fotballen, men ikkje av fotballen. Som sin farfar, far og yngre bror, var han ansatt i Statens Vegvesen i heile sin yrkeskarriere, med mange oppgaver, spesielt innen asfalt og veivedlikehold.

Sverre var gift med Marit, f. Thorsen, fra Krampadalen (Hana) på Sandnes, og dei fekk to sønner, Cato i 1962 og Trond i 1965, og åtta barnabarn. Tasta-profilen Halvor Sondresen var tipp-oldefaren.

Sverre var ein flotte ambassadør for både bygdå, byen, klubben og landet. Fjåge, joviale, jordnære, rettferdige og gilde. Han hadde trøya nr 1, og han var ein 1`er, og ein ekta viking.

               Kilde: Ivar Andersen           Foto: Knut S. Vindfallet           Lay-out: Lars Ikdal
           


BERGE HAMILTON ASPELUND